|
Luster Quiltelag har aktivitetskveld siste torsdag i månaden på Gaupne skule. I tillegg har vi ein sy-kveld ekstra i månaden - sjå etter på aktivitetskalenderen.
- I 2012 startar vi opp med årsmøte og aktivitetskveld torsdag 26.januar kl. 18.00. Har du ein sak du ønskjer å ta opp på årsmøtet, kan du ta kontakt med Kristin eller nokon av dei andre i styret.
- Aktivitetsplanen for våren er no klar, og ligg under "aktivitetskalender" i venstremenyen.
NYTT: Dette året vil vi prøve å få til ein sy-kveld ekstra i månaden. Det blir samme tidspunkt og stad, men ikkje noko spesielt tema på desse kveldane. Kvar enkelt må ha med seg mat, men laget ordnar med kaffe og te. Siste torsdagen i månaden blir som før.
|